tirsdag 5. juni 2007

Om våpenhandel

Sidan eg (Elise) og Ann Helen klarte å lære oss nytt og nyttig om våpenhandel, då me deltok på ekskursjonen til Nammo Raufoss, tenkte eg at eg skulle skrive litt her på bloggen om det me lærte.

Kvart år blir enorme summar av pengar brukt til å kjøpe våpen med. Kvart år blir det produsert millionar av våpen. Ein reknar med at verdas totale militærbudsjett er på rundt 1000 milliardar US dollar. Dette er tal som myndigheitene i landet oppgjer. Det er ca. 639 millionar handvåpen og lette våpen i verda i dag. I tillegg kjem alle andre våpen som tanks, klasebomber osv.

Når det er så mange dødelege verktøy ute å går i verda, burde det vere sjølvsagt at ein samtidig hadde kontrollen på kvar desse våpna var. Slik er det dessverre ikkje. Noreg kan ikkje seie sikkart at barnesoldatar nyttar norskproduserte våpen. Manglande kontroll er problemet. Då tenker eg helst på manglande kontroll av våpen som går til Nato-land. Av dei ikkje-allierte krev Noreg ei sluttbrukarerklæring. Det er eit dokument der mottakar av forsvarsmateriellet erklærer at vedkommande er endelig bruker/mottakar av materiellet, opplyser kvar det skal installerast og brukast, samt at materiellet ikkje skal vidareeselgast utan ”seljarlandet” sitt samtykke. Ein sluttbrukarerklæring fungerer derfor som ein garanti mot vidareeksport utanfor seljaren sin kontroll. Feilen med sal av våpen til Nato-land er at vi ikkje krev denne erklæringa av dei. Då kan altså mottakaren av norsk våpen vidareeksportera til eit land Noreg i utgangspunktet aldri ville seld våpen til. Det kan vere av grunnar som krig, krig som truar eller borgarkrig. Dette har blant anna skjedd der Noreg har seld våpen til USA, som vidare har seld våpen til Israel. Eit land Noreg i utgangspunktet ikkje sel våpen til, på grunn av krig. Grunnlaget for å ikkje krevje denne erklæringa er vi stoler på våre allierte. At dei ikkje kjem til å selje vidare til eit ”uønska” land av Noreg.

Men kva om vi begynte å krevje denne erklæringa? Sidan vi i utgangspunktet stolar på dei, skulle det vel ikkje vere noko problem å få det? Då vi spurte Nammo om det ville vere mogleg for dei å krevje det, fekk vi eit ikkje heilt uventa svar. Land som USA ville ikkje lengar ha handla med Noreg då. Det ville medført så store økonomiske konsekvensar for Nammo at dei derfor ikkje vil gå med på å krevje sluttbrukarerklæring. Kanskje staten kunne ha fyrt på med litt pengar då, slik at Nammo hadde unngått dette tapet, til fordel for betre kontroll på norske våpen? Her er det PRESS som er nøkkelen! Vi skal nemlig ikkje gje oss før ein sluttbrukarerklæring er på plass. Fleire liv enn nødvendig skal ikkje gå tapt på grunn av norske våpen. Vi treng hellar ikkje fleire barnesoldatar i denne verda…

Ingen kommentarer: